Vil du vere med på å gjere kommunen til ein endå meir attraktiv arbeidsgjevar?

Bygland kommune
    Published
    3. januar 2023
    Location
    Bygland, Norway
    Category
    Job Type

    Description

    Menneska er Bygland sin viktigaste ressurs. Vi søker ein HR-leiar med stort engasjement for å jobbe heilskapleg og strategisk med læring og organisasjonsutvikling i kommunen. Du blir motivert av å gjere oss betre rusta til å møte utfordringar i framtida.

    Vi ser etter ein pådrivar for å vidareutvikle HR-funksjonen i tett samspel med kjerneverksemda og andre stabsområde. Du vil legge til rette for heilskaplege opplevingar for dei tilsette, systematisk medarbeidarutvikling og god leiarstøtte. Med ditt bidrag ønskjer vi at Bygland kommune vert vidareutvikla som ein attraktiv arbeidsplass, slik at vi kan fylle oppgåvene som følgjer med lovverket, sentrale avtaler, politiske vedtak og kommunale retningsliner.

    Du blir motivert av å levere tenester av høg verdi til brukarane av organisasjonen. Du forstår deg godt på teknologi, og vil forenkle og digitalisere arbeidsprosessane våre. Dessutan vil du kunne gjere enkle løysingar for dei tilsette i kommunen meir tilgjengelege. Du likar å kombinere oppgåver på operativt nivå med strategisk tenking, samt ta ei aktiv rolle i prosjekt og endringsprosessar. Stillinga går inn i kommunedirektøren si strategiske leiargruppe.

    Arbeidsoppgåver: 

    • vere ein pådrivar i utviklinga av ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk i kommunen
    • bidra til HR og organisasjonsutvikling gjennom gode prosessar og breitt samarbeid
    • motivere til god innsats og vedvarande forbetring av tenesta
    • vere ein aktiv leiar som deltek i omstillings- og endringsarbeid i kommunen, og såleis ta del i den strategiske leiinga og utviklinga av Bygland
    • vere ein engasjert bidragsytar i kommunedirektøren si strategiske leiargruppe
    • ha fagansvaret når det gjeld rettsreglar for offentleg forvalting generelt og arbeidsrett spesielt
    • ha ansvaret for drift og vidareutvikling av HR-system, rutiner og støttesystem
    • kommunisere klare mål og forventingar både for organisasjonen, leiarar og medarbeidarar
    • legge til rette for eit godt og konstruktivt samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane og vernetenesta

    Vi ser gjerne at du har: 

    • høgare utdanning innan relevante fagområde (i særskilde tilfelle kan god realkompetanse erstatte dette kravet)
    • HR-fagleg kompetanse på strategisk og operativt nivå
    • relevant leiarerfaring, gjerne innan forvalting
    • erfaring frå leiing av prosjekt og større endringsprosessar, gjerne innan digitalisering og innføring av HRM-system
    • god forståing av partsamarbeidet i ein organisasjon
    • gode kommunikasjons- og framstillingsevner

    Som person er du tydeleg og klarar å inspirere til felles innsats. Du er oppteken av å skape resultat gjennom andre, og du vert oppfatta som ein trygg, open og inkluderande lagbyggjar. Du vert skildra som utviklingsorientert; du jobbar planmessig og har god gjennomføringsevne.

    Vi tilbyr:

    • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
    • ordna arbeidsforhold i eit godt arbeidsmiljø. Vi vil lykkast saman
    • interkommunalt fagnettverk
    • gode forsikrings- og pensjonsvilkår
    • moglegheit for heimekontor etter avtale

    Bygland kommune nyttar meirinnsyn. Som hovudregel blir alle søkarane oppført på ei offentleg søkarliste. Søkarar som vil bli unntekne frå regelen blir bedne om å grunngje dette i søknaden. Dette er eit krav i samsvar med Offentleglova §25. Du vil bli varsla dersom din førespurnad ikkje kan takast til følgje.

    For meir informasjon om stillinga er du velkomen til å kontakte kommunedirektøren i Bygland, John Salve Sigridnes (telefon 99 09 46 63) eller vår rådgjevar i Headvisor Merete Svendsen (telefon 95 18 63 31).

    Alle førespurnader til Headvisor blir handsama konfidensielt.

    Om arbeidsgiveren

    Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har kring 1 200 innbyggjarar og framifrå høve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og gode tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplassar der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.

    Only premium members can apply for jobs.
    Vil du vere med på å gjere kommunen til ein endå meir attraktiv arbeidsgjevar?
    Rull til toppen