Osterøy kommune søkjer etter leiar for stab

Osterøy kommune
Publisert
5. februar 2020
Beliggenhet
Osterøy kommune, Norway
Kategori
Data/IT  
Stillingstype
Heltid  

Beskrivelse

Osterøy kommune søkjer etter leiar for stab

Osterøy kommune søkjer ein ny leiar for stab, støtte og utvikling. Stillinga har ansvar for kommunen sine interne støttefunksjoner som er politisk sekretariat og service, informasjon og dokumentsenter. Eininga er ein fellesfunksjon for heile organisasjonen og har ansvar for kommunen sin dokumentforvaltning, samt arbeid med kommunikasjon, informasjon og service, intern og ekstern. Stillinga har personalansvar for 10 medarbeidarar og inngår i rådmannen sitt toppleiarteam saman med 3 kommunalsjefar, leiar for HR og leiar for økonomi.

Vi søkjer ein ny leiar som saman med leiarteamet får ansvar for å utvikle ein offensiv service og tilbakemeldingskommune. Kommunen ynskjer å framstå som ei kompetent og framtidsretta digital verksemd.

Vi søkjer ein positiv, strukturert og engasjert leiar som skal ha ansvar og oppgåver knytt til kommunen sitt kommunikasjons- og informasjonsarbeid. Stillinga får ansvar for å formidle informasjon på vegne av leiarteamet og leggje strategiar for god kommunikasjonsformidling, informasjonsflyt og informasjon som ein del av samhandling, medverknad og innvolvering internt og eksternt.

Kommunen er pilot for eit nytt prosjekt om samhandlingsplattform gjennom Office 365-løysingane med fokus på Yammer og Teams. Den nye leiaren vil få ei sentralt rolle i dette arbeidet.

Du vil være ein viktig ressurs i kommunen sin digitale kvardag og inn mot det interkommunale samarbeidet IKT Norhordland (IKTNH). Du vil få ansvar for å ta dei ulike digitale løysingane i bruk, endre måten å arbeide på og hente ut mogelege gevinstar som ligg i kommunen. Du har oversikt over kva som røyrer seg av trender og langsiktige tendensar, og blir viktig bindeledd mellom kommunen og innbyggjarane, tenestemottakarane og brukarane internt og eksternt. For å få til heilheitleg planlegging, god serviceyting og innføring av ny teknologi og applikasjonar på ein effektiv måte, søkjer vi deg som kan bidra til dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver:

Leiaransvaret for stabsområdet.

- Drifte området innanfor gjeldande lov og regelverk og politiske vedtak.
- Utvikle kommune saman med rådmannen sitt leiarteam.
- Sikre dialog, intern og ekstern kommunikasjon og utarbeide strategiar knytt til kommunikasjon .
- Ansvar for kommunen sine kommunikasjonskanalar og aktivitet i sosiale medier.
- Planleggje, leie og organisere, samt delta i ulike digitaliseringsprosjekt.
- Bidra til auka digital kompetanse, systemutnytting og bruk av digitale verktøy i organisasjonen.
- Være kommunen sin faglege ressurs på digitalisering, tenestedesign og gevinstrealisering.
- Administrasjonsansvar for ulike publiseringsverktøy.

Kompetanse:
- Krav om relevant utdanning på minimum bachelornivå, gjerne med tilleggsutdanning innan kommunikasjon, digitalisering eller innovasjon.
- Ynskjeleg med vidareutdanning innan leiing.
- Erfaring frå liknande stilling innan minimum eitt av eininga sine ansvarsområder.
- Erfaring frå andre leiarstillingar på tilsvarande nivå
- Erfaring med å leie prosjekt eller større prosessar

Personlege eigenskapar:
Du tar initiativ og gjennomfører prosjekter og prosessar på ein innvolverande, effektiv og open måte. Du søkjer kunnskap og er opptatt av korleis digitalisering og innovasjonsprosjekt kan bidra til at kommunen vidareutviklar seg til å bli ein effektiv styrt organisasjon der kommunen har naudsynt handlingsrom. Du er opptatt av service og god innbyggjardialog. Vi søkjer deg som er god på kommunikasjon, initierer og ser nye løysingar og som har eit meistringsorientert fokus i ditt leiarskap.

Vi tilbyr:
- Ei spanande og utviklingsorientert stilling med stor kontaktflate i organisajonen og mogleheit til å definere eige handlingsrom innan sitt området. Stor mogleheit for å påverke utviklinga av kommuen som ein del av rådmannen sitt toppleiarteam.

- Lønsvilkår etter tariffavtalens kapittel 3 med lokal lønsfastsetting og ekstra kompensasjonsdagar for meirarbeid

- Fleksitidsordning

- Gode forsikringsordningar og pensjonsordning i KLP

Annan informasjon:
Osterøy kommune er ei IA bedrift.
Administrasjonsmålet er nynorsk.
Kommunen nyttar testverktøy i tilsettinga og ytterlegare informasjon om desse vil kome i rekrutteringsprosessen.

Om arbeidsgiveren
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingvild Kristi Hjelmtveit
Telefon: 56 19 21 11

Kontaktperson
Øystein Aadland
Telefon: 56 19 21 61

Søk her

Søk
Drop files here browse files ...
Captcha
Osterøy kommune søkjer etter leiar for stab
Rull til toppen
Are you sure you want to delete this file?
/